søndag 6. april 2014

SMITHSBESTEN 4


Ikkje uventa har responsen dabba til dels sterkt av, så det er ikkje anna råd enn å finna fram ein av dei store godbitane i besten-arkivet. Kva seier besten her? Hugs at det berre er lov å sitera tekstane til det engelske pop-orkesteret The Smiths.

fredag 28. mars 2014

SMITHSBESTEN 3



Me prøver igjen - her er eit bilete frå den gongen Besten tok med seg Besto på bowling. Me lurer på kva Besten seier, og hugs at det berre er lov til å svara med The Smiths-sitat. (Kjennarar av songen "Hand In Glove" vil truleg ha ein lett jobb denne gongen.)

torsdag 20. mars 2014

SMITHSBESTEN 2


Dette gjekk jo over all forventing - tre kommentarar, frå profilerte redaktørar og profilerte musikarar i inn- og utland. På styremøtet tidlegare denne veka var det semje om at nye innlegg burde koma kvar torsdag, så her er eit nytt. Kva Smiths-sitat dreg Besten fram her?

torsdag 13. mars 2014

SMITHSBESTEN 1

jaja, det er forsøket verdt: hugs at det er ekstremt strenge reglar, og det er berre lov å svara med the smiths-tekstliner. kva seier besten?